Visste du at når ein ikkje har meir å snakke om så snakkar ein om været?

Det er store skilnader i været frå innlandet til kysten i Antarktis, litt som i Noreg, men meir ekstremt.
Jan-Gunnar Winther tar seg frem til stasjonen Troll i sterk stormStorm på stasjonen Troll kan være hard kost. Direktør Jan-Gunnar Winther tar seg frem til stasjonen i sterk storm (vindstyrke 11) i 2007. Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Temperaturen i Antarktis er generelt svært låg. Fleire faktorar medverkar til dette, mellom anna den lave solinnstrålinga om vinteren, evna isen har til å reflektere solstrålinga, kjøleeffekten av langbølgestråling frå kontinentet og høgda til kontinentet over havet. Gjennomsnittstemperaturen varierer frå om lag -60 °C i de høgtliggande områda (-70 °C om vinteren og -40 °C om sommaren) til ca. -10 °C i kystområda (-25 °C om vinteren og -2 °C om sommaren). I 1983 vart det målt -89,6 °C ved den sovjetiske stasjonen Vostok i Vest-Antarktis. Dette er den lågaste temperaturen som er registrert nokon stad på jorda. Desse låge temperaturane ilag med tørr luft gjer at folk som arbeidar ute slit med tørr hud og oppsprekking av hud og lepper om dei ikkje er forsiktige.

Det meste av nedbøren i Antarktis kjem i samband med dei sykliske stormane som er karakteristiske for kystområda om vinteren. I desse områda er det vanleg med 150 til over 600 mm nedbør som snø i løpet av eit år, medan det sjeldan kjem meir enn 50 mm på innlandsisen. Til samanlikning så snør det om lag 500 mm i Tromsø og 150 mm i Oslo i løpet av eit år. For å gjere mm nedbør om til meter snø så antar ein at mengda snø er om lag 3 gonger nedbøren. Brukar ein denne formelen så kjem det om lag 2 meter snø i kyststrøka av Antarktis.

Tyngdekrafta gjer at kald, tung luft som ligg over kontinentet strøymer ut mot kysten. Dei vindane som oppstår ved kysten på grunn av dette, kan ha ei fart på opp mot 90 m/s (320 km/t). På Sydpolen blir vinden sjeldan sterkare enn 9 m/s (30 km/t).