Visste du at Bouvetøya er verdas mest avsidesliggjande øy?

Bouvetøya er ei norsk øy som ligg i Søratlanteren, næraste fastlandet er Dronning Maud Land i Antarktis, 1700 kilometer lenger sør.
Kart over BouvetøyaDet var franskmannen Jean-Baptiste Bouvet de Lozier som først oppdaga Bouvetøya i 1739. Kart: Norsk Polarinstitutt

Vi reknar gjerne Bouvetøya som ein del av Antarktis, men den ligg nord for 60°S, og er difor eigentleg ei subantarktisk øy. Bouvetøya er lita, berre 49 km², og for det meste dekt av is. Opphavleg var denne øya eit vulkankrater, men det har ikkje vore noko utbrot her i nyare tid. Det høgste punktet på øya er på kanten av det gamle krateret,  Olavtoppen, 780 meter over havet.

Det var franskmannen Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier som først oppdaga Bouvetøya i 1739, då han med to skip var ute på ein fransk utforskingsekspedisjon for å finne ei gunstig handelsrute til Det fjerne austen. Tåka låg tett, så Bouvet kom ikkje i land på det han trudde var ei halvøy på «Terra Australis» —  det ukjende landet i sør. Han kalla den odden han hadde sett for «Cap de la Circoncision». Posisjonane som blei tekne, viste seg seinare å vera feilaktige, og det gjekk mange år før øya blei attfunnen. Fyrst i 1808 fekk engelske kvalfangarar igjen auge på øya, og i 1822 skjedde den fyrste ilandstiginga. Det var då øya fekk namnet Bouvetøya, til ære for oppdagaren. Den 1. desember 1927 gjekk mannskapet på den fyrste «Norvegia-ekspedisjonen» i land på Bouvetøya og annekterte øya for Noreg.

Bouvetøya er framleis, som på Bouvets tid, for det meste innhylla i skyer eller tåke. Det er eit rikt dyre- og fugleliv på Bouvetøya, og øya med havområda rundt har sia 1972 vore verna som naturreservat. Norsk Polarinstitutt har regelmessige ekspedisjonar til Bouvetøya. I samband med ein forskingsekspedisjon i 1979 vart det sett opp tre hytter på øya. Desse hyttene har seinare gått tapt. Ein ny bygning (eigentleg ein konteinar utstyrt som forskingsstasjon) vart sett opp i 1996 til bruk for forskarar som vitjar øya. Då forskarar frå Norsk Polarinstitutt kom til Bouvetøya på seinhausten 2007, var området der forskingsstasjonen og ein vêrstasjon stod, rast ut i havet. Ekspedisjonsgruppa måtte då etablera ny leir i eit anna område på øya.