Visste du at Dronning Maud Land var uutforska heilt til for berre 80 år sia?

Dronning Maud Land er det norske kravområdet i Antarktis, og vart annektert av Noreg 14. januar 1939. Området utgjer ein sjettedel av Antarktiskontinentet, og det er nesten sju gonger større enn Noreg. Området har fått namnet sitt etter dronning Maud av Noreg (1869-1938).
Kart over Antarktis og Dronning Maud LandDet var den norske kvalfangsten i området som gjorde at Noreg fatta interesse for Dronning Maud Land og seinare kartla og gjorde krav på dette området. Kart: Norsk Polarinstitutt

Fabian von Bellingshausen er den som plar få æra for å ha oppdaga Det antarktiske kontinentet, men det gjekk meir enn hundre år frå von Bellinghausen sitt besøk i området til Dronning Maud Land vart utforska. Då von Bellingshausen i januar 1820 registrerte ein posisjon i loggen sin om bord i seglskipet «Vostok», var han 30 kilometer utanfor kysten av Dronning Maud Land. Det var den russiske tsar Alexander I som hadde utrusta ein ekspedisjon for å leita etter det store sørlige kontinentet ein meinte måtte finnast. I 1819 la to skip ut frå St. Petersburg. Korvetten «Vostok» og eit støtteskip hadde til saman eit mannskap på nærmare to hundre personar. Om von Bellinghausen såg kysten eller han bare såg is utanfor Dronning Maud Land, veit vi ikkje sikkert. Vêret vart dårleg, og dei måtte trekkja seg attende ut av isen.

Det var den norske kvalfangsten i området som vekte norsk interesse for å kartleggja og seinare gjera krav på området. Då Noreg i 1939 gjorde krav på den sektoren som ligg mellom 20° vest og 45° aust, definerte Stortinget ikkje kravet verken i nord eller sør. Ein brukte formuleringa: «… med det landet som ligg innanfor denne stranda og det havet som ligg innåt, blir dregen inn under norsk statsvelde.» Dronning Maud Land grenser til den britiske kravsektoren i vest, og til den australske i aust.

Utanfor Dronning Maud Land flyt isbremmen på havvatnet, og iskanten er dei fleste stader 20-30 meter høg. Mellom ti og tjue mil innanfor kysten er isen opp mot 2000 meter tjukk. Her stikk ei fjellkjede opp av isen, med spisse toppar og nunatakar. Det høgste fjellet i Dronning Maud Land er Jøkulkyrkja, som ragar 3148 meter over havet. Dette er likevel ikkje det høgste punktet i den norske sektoren. Aust i Dronning Maud Land, inne på det store sørpolplatået som Roald Amundsen kalla Kong Haakon VII Vidde, ligg Valkyrjedomen. Det er ein iskuppel med høgste punkt 3810 meter over havet. Dette er den nest høgaste brekulen inne på det antarktiske innlandsisen, og ein av dei aller kaldaste stadene i verda.