Visste du at opphavet til namnet Antarktis eigentleg er «anti-Arktis»?

Namnet Arktis kjem frå det greske ordet Arktos, som betyr bjørn. Opphavet ligg i stjernebileta Den store bjørnen og Den vesle bjørnen som kan sjåast i nord. Antarktikos, eller Antarktis er såleis motstykket til bjørnelandet, og ligg på den andre sida av jordkloden.
Kart over Dronning Maud LandDronning Maud Land i Antarktis. Kart: Norsk Polarinstitutt Kart over Antarktis, med Dronning Maud Land markert.Dronning Maud Land i Antarktis. Kart: Norsk Polarinstitutt

Det antarktiske kontinentet vart oppdaga på byrjinga av 1800-talet. Det gjekk endå mange tiår før kysten rundt heile kontinentet blei utforska, og nordmenn var blant dei fyrste som oppdaga kyststrekningar i Antarktis. Dei eldste norske stadnamna i Antarktis finst på Den antarktiske halvøya, der mannskapet på kvalfangstskipet «Jason» i 1893 ga namn til mellom anna Foyn Coast og Mount Jason. Vi finn òg mange norske stadnamn i området der Roald Amundsen og deltakarane på sørpolsekspedisjonen i 1911 passerte på tur frå Framheim til Sørpolen. Alle som var med på «Fram» fekk namna sine på fjelltoppar i området. Amundsen æra dessutan andre personar med namn, mellom anna ga han namnet Mount Betty til eit fjell som heider til barnepassaren han hadde hatt då han var liten gut.

På 1920- og 1930-talet blei fleire norske vitskapelege ekspedisjonar sendt til Antarktis i regi av kvalfangstnæringa, og både båtar og fly blei brukt til å utforske og kartleggje kyststrekningar rundt kontinentet. Frå desse ekspedisjonane finn vi mellom anna namna på den dåverande norske kongefamilien langs kysten av det området som vi i dag kjenner som Dronning Maud Land. Lenger aust, i det som i dag er australsk kravsektor, finn vi mellom anna Lars Christensen Coast. Området er kalla opp etter skipsreiaren som finansierte dei norske kartleggingsekspedisjonane. Noreg annekterte Dronning Maud Land i januar 1939. Etter andre verdskrigen vart eit stort fjellområde innanfor kysten kalla Heimefrontfjella som heider til den norske motstandsrørsla. Mange terrengformasjonar i dette området har fått namn etter motstandsgrupper og personar frå motstandsarbeidet under krigen

Det er namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt som i dag vedtek norske stadnamn i dei norske bilanda i Antarktis. Stadnamna i dei norske polarområda har konsekvent nynorsk språkdrakt. Men det er ikkje berre norske stadnamn i Dronning Maud Land. Fleire andre nasjonar har drive både kartlegging og namnsetting i denne delen av Antarktis. Difor finn vi til dømes både tyske og japanske namn på kart over området. Norske og britiske namnemyndigheiter inngjekk i 1974 ein avtale om å gjensidig respektere kvarandre sine stadnamn i dei respektive kravområda. På alle britiske kart over Antarktis vil ein difor finne namn i Dronning Maud Land skrivne på norsk. Likeins vil alle kart utgjevne av Norsk Polarinstitutt ha engelske namneformer i den britiske kravsektoren.